Landsfestivalen 2019 Kinsarvik 7.-11.august 2019

Arrangementsinformasjon

Det er mykje du kan få med deg i tillegg til tevlingane på Landsfestivalen; Sjokoladefestival for borna og båtkonsertar er berre for å nemna noko. Festivalen satsar på musikalsk breidde!

I august er det duka for Landsfestival i Kinsarvik. Me ynskjer å ha ei lokal kulturprofil og visa det som er, men også det som har vore innan gammaldanstradisjonen i Hardanger. Det er mykje som spirer og gror i folkemusikktradisjonen i Hardanger. Me har som mål å gje kulturopplevingar for festivalpublikum og lokalbefolkinga, men også dei som er i Kinsarvik på ferie og som kan få augo opp for gamaldansmusikken, sånn litt tilfeldig.

Kvedarkonsert
Konsertprogrammet startar allereie onsdagen med «Dei syngjande». Dette vert ein vakker og stemningsfull kvedarkonsert i Kinsarvik kyrkje med nokre av dei beste kvedarane frå Hardanger og Voss.

Storslagen opningskonsert
På torsdagen kan publikum gleda seg til opningskonserten «Blomen», som Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken er regissørar for. Her får folk med seg den varierande gamaldanstradisjonen i Hardanger, samt noko nyskapande. Publikum får møta spelemannslag, soloutøvarar, orkester, og gjensyn med artistar som ikkje er så ofte å sjå lengre. Det vert også eit møte med leikarringen på Lofthus. Konserten blir sydd saman med forteljing, musikk og bilete.

Konsertar på Sørfjorden
Det vert også båtkonsertar på fredagen og laurdagen på M/S Lindenes. Dette vert ei skikkeleg oppleving for publikum. Kombinasjonen med musikk, fjord og fjell slår ikkje feil! Her vert ein konsert med Felefylgje, ein med Rannveig Djønne og Inger Elisabeth Aarvik, ein med Torbjørn Ljones, betre kjend som Kvitanesen, og ein med Lajla Renate Buer Storli, John Ole Morken og Knut Hamre. Det vert og to plateslepp under festivalen.

Her kan de kjøpa billettar kvedarkonserten med "Dei syngjande" (onsdag), opningskonserten "Blomen" (torsdag) og "Fjordkonserteane" ombord på M/S Lindesnes (fredag og laurdag). Alt anna sal av billettar skjer på festivalkontoret på Kinsarvik Barne- og ungdomsskule.

Meir informasjon om Kulturprogrammet finn du her


landsfestivalen
2019
kinsarvik
kulturprogram
konsertar
kvedarkonsert
opningskonsert
fjordkonsert

Restriksjoner

Ungdomsbilllettar (ungdom u. 18 år) til opningskonserten "Blomen" må bytast i festivalpass på festivalkontoret.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert med mindre konsertane vert avlyste.